::hovedsiden ::observasjoner ::galleri ::nyheter ::sjeldenhetskomiteén
::lokaliteter ::mailingliste ::linker ::kontakt

Det beste fuglebilete i Hordaland i 2008

Av Jon Djupvik | 13. november 2009

Ved å fange eit motiv som får ein til å tenke på Server, Rocknes, oljesøl, oljefondet og den evige konflikten mellom natur og profitt kapra Arild Breistøl denne gongen førsteplassen i den prestisjefulle konkurransen ”Det beste fuglebilete i Hordaland”.

  • Årets bilde: Hovedside
  • Kåringa av det beste fuglebilete i Hordaland vart også i år arrangert i regi av NOF Bergen lokallag. Krava som vert sett til fotografi som deltar i kåringa er at dei må vera tekne i Hordaland i 2008 og at dei må innehalde ein eller fleire fuglar, eller delar av ein fugl.

    Det vart sendt inn 40 flotte bidrag til kåringa. Av desse bidraga plukka ein jury ut ti finalebilete som vart lagt ut på nettsida ”Fuglar i Hordaland”. Juryen besto av Jan Standal som er leiar i Bekkalokket Fotoklubb og revisor for Norsk Selskap For Fotografi, samt Ragnar Vikøren og Jon Djupvik frå NOF Bergen lokallag.

    Dei som besøkte nettsida ”Fuglar i Hordaland” i tida mellom 9. februar og 1. mars i år fekk æra av å avgjere kva for eit bilete som skulle gå heilt til topps. Til saman vart det gitt 111 stemmer og flest stemmer gjekk til dei tre bileta ”kapitalisme og sjøfugl”, ”dvergsnipe” og ”skjærer”.

    Avsløring av vinnarbiletet vart gjort på NOF Bergen lokallag sitt medlemsmøte på Naturhistorisk museum den 14. april 2009. Det var Arild Breistøl som kapra 1. plassen og for den prestasjonen mottar han eit gavekort frå Natur og Fritid AS på kr 500,-. Geir Jensen tok 2. plassen med sitt sylskarpe bilde av ei dvergsnipe på Herdla, medan Ingvar Grastveit kom på ein god 3. plass med sitt flotte bilde av to skjærer som har ein nabokrangel i Solheimsviken.

    NOF Bergen lokallag ønskjer å rette ein takk til Natur og Fritid AS som sponsar førstepremien, til alle som har sendt inn bilete og alle som har stemt!


    1. plass: Kapitalisme og sjøfugl av Arild Breistøl



    2. plass: Dvergsnipe av Geir Jensen



    3. plass: Skjærer av Ingvar Grastveit



  • Se alle finalistbildene

  • www.fuglar.no © Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland