::hovedsiden ::observasjoner ::galleri ::nyheter ::sjeldenhetskomiteén
::lokaliteter ::mailingliste ::linker ::kontakt

Reppen og Rekvesøyane - Voss kommune

av Eddie Chapman

Då det i 1987 kom melding om at Vossavassdraget vart totalfreda, var gleda stor blant naturinteresserte, både her på Voss og ellers rundt om i landet. Vossavassdraget er danna av to store sidegreiner. Strandelva med utspring i nord og Raundalselva med utspring i aust er to svært ulike vassdrag. Til samen dannar dei eit av Vestlandets største vassdragsystem i ein rik og variert natur. På grunn av den store kontrasten i biotoptypane har Voss mange interessante fuglelokalitetar. I den øverste delen av Raundalsvassdraget finn ein Grånosmyrane. Dette området er utan tvil den beste alpine våtmark i Voss kommune. Strandavassdraget har fleire av fylkets sine beste våtmarkslokalitetar: Myrkdalsdeltaet, Melsvatnet og Gjernesmoen er alle våtmarkslokalitetar av høgaste klasse. Likevel er det utan tvil Reppen og Rekvesøyane som er dei aller beste lokalitetane.

Reppen
Lønavatnet april 2002 © Frode Falkenberg Reppen, eller Lønadeltaet som det også heiter, er eit av dei største ferskvassdelta som finst på Vestlandet, og den einaste lokaliteten på Voss som har fugletårn. Frå ein ornitologisk synsvinkel er dette ein av dei beste fuglelokalitetane mellom Jæren og Sunnmøre. Reppen som ligg i nordenden av Lønavatnet, er samansett av små og mellomstore øyar. Strandelva vert delt i to hovudlaup, og frå desse dannar det seg mange små kanalar og bekker. På grunn av området si oppbygging er det svært vanskeleg med dyrking. Dette har resultert i at dei ytre sonene er svært vegetasjonsrike medan dei indre sonene har eit kulturlandskapspreg. I tillegg kjem Vossavassdraget si usikre vassføring. Dette resulterer i at området vert påverka storflaum minst to gonger i året. På seinsommaren og tidleg på hausten er vasstanden låg. Under slike tilhøve kjem fleire nye øyar til syne. Når det gjeld dei ornitologiske verdiane, må dei karakteriserast som store. 153 artar, 1 rase og fasan har no vore observert, mange av artane er sjeldne både i lands- og fylkessamanheng.

Rekvesøyane
Rekvesøyane på nordsida av Vangsvatnet er eit yngre delta, og svært ulikt både Reppen og Myrkdalsdeltaet. Området vert også påverka av flaumane, men er likevel meir nytta til jordbruk enn Reppen. Rekvesøyane er tydeleg prega av vårsola. Dette er sjølvsagt berre til fordel for dei aller tidlegaste trekkfuglane. Mengder av finkefuglar, piplerker og trostefuglar finn næring og skjul på dei isfrie bakkane. Rekve er utan tvil det beste området til å studera trekk. Under lågvassperiodane kjem ei lang og brei strandsone til syne, og langs stranda vert det danna mange små dammar og kanalar. Denne biotopen er vanlegvis næringsrik, og dannar ein viktig rasteplass for mange ulike artar. Til tross for at den nye hovudvegen mellom Voss og Bergen, og reguleringa av Vangsvatnet har påvirka området på ein negativ måte, er Rekve framleis ein av dei beste lokalitetane i fylket, og med sine 148 artar ligg Rekve tett etter Lønaøyane når det gjeld artsrikdom.

  • På kartet

    Først publisert 10.04.2003 og sist oppdatert 12.01.2007


  • www.fuglar.no © Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland