::hovedsiden ::observasjoner ::galleri ::nyheter ::sjeldenhetskomiteén
::lokaliteter ::mailingliste ::linker ::kontakt

Ulvikpollen i Ulvik kommune

av Eddie Chapman

Utsikt innover fjorden mot Ulvik, Mai 2001, Foto © Frode FalkenbergUlvikpollen ligg i ein arm av Ulvikfjorden heilt inst i Hardangerfjorden, 1 km aust frå Ulvik sentrum. Det er eit av dei få strandeng/brakvatn område i fylket, som er freda. Ulvikpollen er også blant dei aller minste med eit totalt freda område på kun 84 m2. Kombinasjonen av strandsump, undervasseng og tilknyting til strandeng/dyrka mark gjer dette området til eit av dei mest spennande lokalitetane i indre Hordaland.

Fuglane gjennom året
Pr. 1/1/2002 var det registrert 121 ulike artar i Ulvipollen. Området er utan tvil på sitt beste under vår og hausttrekket, og mange av artane, som vadefugl, er på veg opp eller ned frå dei omliggjande fjellområda. Som overvintringslokalitet er Ulvikpollen utsett då grunntvassområda ofte vert islagt langt forbi Snauholmen, som dannar det ytterste punktet av reservatet. Under mildversperiodar samlar det seg mengder med ender og måse som finst i fjordsystemet rundt Ulvik. Men det er når våren kjem at området livnar til. Til tross for at området først og fremst er ein våtmarkslokalitet er det også viktig for sporvefugl, særleg dei omliggjande areala med dyrka mark og krattskog.

Sjeldenheiter
Ulvikpollen har ikkje den same besøksfrekvensen som andre våtmarksområde i fylket men det har likevel vore registrert ein del artar som er verdt å nemne. Både knekkand og snadreand er blant dei sju artane med grasender som har vore observert. Vaktel er ikkje vanleg i Hordaland, men også denne arten har vore sett, men berre ein gong. Dverglo derimot har vore funne to gonge, og med fjellmyrløpar, dobbeltbekkasin og svarthalespove er dette dei sjeldnaste av dei tjuefire vadefuglane som har vore observert på Ulvikpollen. Småfuglane er også godt representerte, men så langt er det nok busksongaren i 1980 som er den mest spennande. Ellers bør Nøttekråke trekkjast fram. Ikkje fordi den er ein sjeldan art, men fordi Ulvikpollen er ein av dei få våtmarksområda i fylket der ein regelmessig kan treffe på denne arten.

Verdt å vite
At Ulvikpollen har eit interessant fugleliv er ein ting, men det botaniske er langt meir imponerande. Området har vore uttalt som særs viktig i nasjonal samanheng med innslag av artar som trivst i brakvassmiljø. Artar som liten vasskrans, som elles er sjeldan på vestlandet finst på Ulvikpollen. Ei lita kamuflasjehytte ligg på planteskulen sin eigedom. Det er lov å parkere bilen på framsida av planteskulen sine bygningar og gå det vesle stykket bort til hytta. Som den einaste kamuflasjehytta i fylket er det tilkomst og plass til ein rullestol. Funksjonshemma har lov å køyre heilt fram til døra på hytta.

  • Kart

    Først publisert 01.06.2002 og sist oppdatert 12.01.2007


  • www.fuglar.no © Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland