::hovedsiden ::observasjoner ::galleri ::nyheter ::sjeldenhetskomiteén
::lokaliteter ::mailingliste ::linker ::kontakt

Sveio kommune - eit våtmarkseldorado

Av Jostein Kjærandsen

I Hordaland utmerkar Sveio seg med å ha mange vatn omgitt av åpne røsslyngheier og kulturmark. Sveio har derfor fått hele seks våtmarksområde verna. Her vert to av dei kort presenterte som fuglelokalitetar. Bjellandsvatnet og Mannavatnet ligg få hundre meter frå kvarandre langs riksveg 47 like aust for Sveio sentrum.

Bjellandsvatnet naturreservat
Bjellandsvatnet sett fra fugletårnet 9. mai 2002. Foto © Frode Falkenberg Reservatet har nyleg fått skilta avkjørsel, parkeringsplass og merka sti ut til eit flott fugletårn. Bjellandsvatnet er svært grunt og omgitt av jordbruksland. Det har ført til stor tilvekst av vassvegetasjon, mest takrøyr og sneller. Ein del år tilbake vart deler av takrøyrbeltet fjerna for å halde vatnet ope. Kombinasjonen av tett vegetasjon og opne vassflater gjer vatnet til eit ettertrakta hekkeområde for grasender. Brunakke, stokkand og krikkand hekkar årleg med fleire par kvar. Knekkand og snadderand er også observerte år om anna. Frå sivskogen høyrer ein gjerne syngande sivsongar og sivspurv, og sivhauk er ein sjeldan gong observert svevande over vatnet. Reservatet er ein av dei sikraste lokalitetane i Hordaland for å få høyre syngjande røyrsongar. Både vassrikse og myrrikse er høyrt ropande frå vatnet og vassriksa hekkar truleg. Rundt vatnet hekkar mange vadefuglartar: vipe, rødstilk, enkeltbekkasin, strandsnipe og storspove. På seinsommaren samlar det seg ofte store flokkar med stare i sivskogen nattestid. I vinterhalvåret ser ikkje Bjellandsvatnet ut til å ha så stor tiltrekningskraft på fuglane, men det hender at nokre sangsvaner slår seg ned der.

Mannavatnet naturreservat
I motsetning til i Bjellandsvatnet er det berre små område med vassvegetasjon i Mannavatnet. Vatnet har derimot to større holmar som tidlegare var fast hekkeplass for storlom. No ser den ut til å ha forsvunne frå området, truleg etter at kanadagås har etablert seg som hekkefugl. Mannavatnet har stor tiltrekningskraft på vassfuglar på næringssøk i vinterhalvåret. Så lenge det ikkje er is på vatnet, er det alltid småflokkar med ender å sjå, mest dykkender som toppand og kvinand, og siland. Lappfiskand er årlig vintergjest, og bergand og taffeland er også observerte.

  • Kart

    Først publisert 04.04.2003 og sist oppdatert 12.01.2007


  • www.fuglar.no © Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland