::hovedsiden ::observasjoner ::galleri ::nyheter ::sjeldenhetskomiteén
::lokaliteter ::mailingliste ::linker ::kontakt

Sævarhagsvikjo i Stord kommune

Av Tor Helge Heggland

Sævarhagsvikjo sett fra luften © Jan Rabben Området ligg i kystsona på sør-aust sida av øya Stord og omlag 3 km. nord for Leirvik. For å komma til området kan ein bruka både bil og båt. Dersom ein bruker bil og kjem frå Leirvik, køyrer ein forbi Hystad og i retning Rommetveit til eit skilt med nedkøyrsle til Tyneset. Følg så denne vegen videre ned til parkeringsplassen ved småbåthavna (selve Sævarhagsvikjo) Kjem ein frå Nord, f.eks. Sandvikvåg/Fitjar følg E 39 til nedkøyrsla for Rommetveit. Deretter køyrer ein på same måten som når ein kjem frå sør. Kjem ein i båt, ligg området imellom Hovaneset i nord og Hystadøyane i sør. Les også undertegnedes mer omfattende beskrivelse av områdets biotoper og fuglenes opptreden i disse. Her finner du også komplett artsliste, med tid for opptreden.

Artene og timing
Det er observert flest ande-, måke-, terne- og vadearter i området. Totalt er 17 andearter, 7 måker, 3 terner og 25 vadefugler observert i Sævarhagsvikjo. Sjølv ein kan sjå fuglar i desse områda heile året igjennom, er det trekktidene vår og haust som er den beste og mest interessante tida. Særleg gjelder dette for hausttrekket og dersom ein har interesse for vadefuglar. Da bør ein oppsøkja området i perioden ifrå midten av juli til byrjinga av oktober. Ein bør og vera der i tidsrommet ca. 1 ½ time før og etter fjøre. Dette fordi på det tidspunktet er vadefuglane nærmere land. Det virkar som om ettermiddaggen og særleg kvelden har vært ei bra tid for fuglekikking i Sævarhagsvikjo. Du kan også laste ned det mer inngående dokumentet som tar for seg opptreden av vadefugler i Sævarhagsvikjo.

Sjeldenheter
Av sjeldenheter observert her kan følgende arter nevnes: tundragås, vaktel, grønlandsmåke, dvergmåke, splitterne (2 funn) og kjernebiter.

Per idag (november 2001) er dette det området på Stord og Fitjar som kan visa til flest observerte fuglearter på tilnærma ein og same staden (Sævarhagsvikjo , Hovaneset og Hystadmarkjo med nærliggande områder). Totalt er 134 ulike fuglearter observert her. Truleg heng dette saman med at området har ei rad ulike biotoptypar. I tillegg til det vert også området bruka av fuglar her heile året igjennom.

Ornitologisk aktivitet
Allerede frå 1963 og fram til 1982 dreiv Arne Vatten med ringmerking av fuglar i Sævarhagsvikjo. Særleg gjaldt dette for makrell- og rødnebbterner. I tillegg til desse blei også måker, vadefuglar og andre fuglar ringmerka. Når småbåthavna blei bygd (1989), forsvann denne hekkelokaliteten for terner og dermed også ringmerkinga. Han registrerte og dei fuglane han såg i området ellers. Stor takk til han for denne jobben. Frå og med hausten 1989 har Tor Helge Heggland dreve med registrering av vadefuglar i Sævarhagsvikjo. Særleg gjeld dette for dei artane som ikkje hekkar på Stord og Fitjar. I likhet med Arne Vatten, registrerte han også dei fuglane han såg i området forøvrig. Han har og skreve rapporten "Vadefuglane i Sævarhagsvikjo" ifrå 1994. Denne rapporten kan kjøpast hos NOF Sunnhordland Lokallag eller hos Tor Helge Heggland.

Dette er det mest vitja fugleområdet i Stord og Fitjar. Regelmessig og serleg om hausten kan det til tider mykje fuglefolk i området. Men og ellers i året er det vanlig at nokon ifrå NOF-Sunnhordland Lokallag er i området.

Verd å få med seg
Området har også eit svært rikt planteliv. Ser ein etter vil ein nok her kunna finna mykje av intreresse innanfor botanikken. Nokre av dei plantene som er funnen i området er dvergålegras, vanlig ålegras, klourt, skjoldberar ,strandvindel, vendelrot, mjødurt, vassarve, kveke, krushøymole, rødsildre, gulsildre, strandnellik, ormetelg, harerug, strandstjerne, bergskrinneblom og mange fler. Husk fredningsbestemmelsane innanfor det oppmerka Hystadmarkjo naturreservat. Her er det ikkje lov å plukka eller fjerna planter av noko slag.

Overnatting
Ved å kontakta grunneigarar er det truleg mogeligheter for å slå opp telt på ulike stader her. På Leirvik og Børtveit finns det fleire ulike overnattingstader (hotell og hytter). Sjå telefonkatalogen for nærmare informasjon.

  • Kart

    Først publisert 01.01.2002 og sist oppdatert 12.01.2007


  • www.fuglar.no © Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland