::hovedsiden ::observasjoner ::galleri ::nyheter ::sjeldenhetskomiteén
::lokaliteter ::mailingliste ::linker ::kontakt

Myrkdalsdeltaet i Voss kommune

Av Oddvar Heggøy

Om ein køyrer frå Voss, oppover langs vassdraget til Vinje, og tek av mot Vikafjellet kjem ein etter kvart til Myrkdalsvatnet. Det er eit ganske stort vatn, og om ein følgjer vegen innover til enden av vatnet ser ein Myrkdalsdeltaet på venstre hand. Ein lokalitet som fleire gongar har hatt besøk av sjeldsynte hekkefuglar i Hordaland.

Foto (c) Oddvar Heggøy

Deltaet er eit av fylket sine viktigaste våtmarkslokalitetar, og også mellom dei største. Det siste hundreåret har det stadig vorte meir og meir jordbruksland på deltaet, men det er framleis mange småflekkar med udyrka mark. Dette er særleg område rundt alle dei små dammane og kanalane som strekkjer seg innover i deltaet. Her veks småbuskar tett, og langs vasskanten veks mykje siv. Også dei ytre delane av deltaet er urørt. Eit så stort delta med kombinasjonen mellom dyrka mark, og små buskar og trær som ein finn her, er ikkje å finne andre stader i Hordaland.

Denne unike biotopen gjer sjølvsagt sitt til at dette området vert spanande med tanke på fugl. Våtmarkar generelt gjer mykje mat til ender og vadarar, og i alle dei små kanalane og dammane finn dei også skjul og fine hekkeplassar. Med tanke på sporvefugl er dette eit svært spanande område. Fleire sjeldsynte artar vert tiltrekt av denne biotopen, og fleire av artane hekkar.

Årstider
Vinteren er ikkje noko tid for fugl ved deltaet. Myrkdalen er eit område der det ofte kjem svært mykje snø, og Myrkdalsvatnet frys nesten utan unnatak att. Er du heldig får du kanskje sjå ei kråke. Våren kjem seint til Myrkdalen, men så snart det er nokre bare flekkar kan det fort bli krangel om plass på dei få som er. Her kan ein oppleve tjukt med fugl som ventar på at snøen skal forsvinne på kvar minste flekk om ein er ute i riktig tid! (kjelde: Eddie Chapman). Det er heller dårleg med sjeldne artar på denne tida, men når april og mai kjem, kan det fort verte spanande. Myrkdalsdeltaet er den mest lågtliggjande hekkeplass for blåstrupe i Hordaland, berre om lag 229 meter over havet, og denne arten dukkar opp i midten av mai. Lenger utover i mai månad kan ein sjå sjeldnare grasender, samt hekkeartar som krikkand, raudstilk, enkeltbekkasin, storspove som går fort i gang med hekkinga. I slutten av mai er kanskje den mest spanande tida i deltaet. Mange kjerrsongarar er observert, og dei siste åra har sivsongar vore ein fast art. Rosenfinken har også vore observert dei siste åra.

Sjeldsynte artar
Mange spennande artar har dukka opp i Myrkdalsdeltaet opp gjennom åra. Av LRSK artar har knekkand, snadderand, vaktel, myrsongar og rosenfink vore observert, og dei to sistnemde har også vore påvist hekkande.


Rosenfink
Rosenfink Carpodacus erythrinus
22. juni 2004
Foto: Oddvar Heggøy
Myrsanger
Myrsanger Acrocephalus palustris
23. juni 2002
Foto: Alf Tore Mjøs


Tilgjenge og overnatting
Det er ikkje så lett å finne ut kvar ein skal starte å leite etter fugl på eit så stort delta. Det går mange vegar nedover mot deltaet, men ikkje alle er like gode å følgje. Det første ein må gjere er å få eit lite overblikk, som ein får svært godt frå vegen. Mine anbefaling av vegar ned til deltaet er:

1) Å køyre ned ved campingplassen, parkere der, og følgje traktorvegen utover langs elva. Det skal då gå an å kome seg heilt ut til elveosen, kor det ofte kan sitje vadarar, og på vegen ut, sjølvsagt ein og annan syngande småfugl. Her er ofte også god sikt langs vasskanten langs heile deltaet om ein kjem heilt ut.

2) Å køyre ned den første mogelege vegen til deltaet. Vegen går ned rett bak ei granrekkje om ein kjem frå Voss, i kanten av eit jorde. Det går ikkje an å køyre heilt ned om ein ikkje har god klaring på bilen, men de skal normalt ikkje vere noko problem å parkere langs vegen nedover. Når ein kjem ned her er det utsikt over ein kanal til mykje fine småbuskar. Ein svært god stad for småfugl.

Viktig å tenke på når ein skal til Myrkdalsdeltaet er godt fottøy. Det vert vanlegvis behov for å trakke litt i myr og vått gras. I det heile tatt treng ein eigentleg litt tid til å orientere seg før ein byrjar å leite etter fugl på denne lokalitet. Overnatting er greitt på campinga som ligg like ved vegen på høgre hand, rett før ein køyrer over brua over elva. Her er nokre småhytter av heller moderat klasse, sjølv har eg prøvd telt, og dette fungerte bra for min del i alle fall. Butikk finn ein rett på andre sida av elva.


  • Kart

    Først publisert 24.07.2004 og sist oppdatert 12.01.2007


  • www.fuglar.no © Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland