::hovedsiden ::observasjoner ::galleri ::nyheter ::sjeldenhetskomiteén
::lokaliteter ::mailingliste ::linker ::kontakt

Haugo i Voss kommune

Av Oddvar Heggøy

Ikkje lange vegen frå sentrum finn ein denne litt anonyme lokaliteten, som ofte er kjelda til stramme lukter som riv godt i nasa til ein kvar som er på Vossevangen i rett tidspunkt… Køyrer ein vegen mot Rong som går frå krysset ved Langebrua (som er brua som går over Vosso) på austsida av elva, er Haugo gard den første garden ein passerar på høgre hand. Sjølve hovuddriftsbygningen er mørk brun og heng saman med eit grått murhus som er grisehuset på garden. Her er jordbruksland med dyrka mark, og denne garden er mellom dei største i Vossabygda.

Haugo

Ikkje mange stoppeplassane er å finne langs vegen, så det beste er kanskje å parkera eit stykke frå den beste ”spot'en” (som er der vegen svingar på det krappaste), og så gå ned i svingen for derfrå å få eit skikkeleg overblikk. Fukt i jorda nede på flaten gjer nok sitt til at det dukkar opp mange uventa artar på dette området. Om det er avrenning frå grisehuset på garden veit eg ikkje sikkert, men sikkert er det at noko sildrar i jorda her som gjer frå seg ei lukt som verkar tiltrekkjande for fugl av mange slag. Er graset høgt er det ikkje verd å ta turen oppom, men er det nyklippa og kanskje også nypløgd kan ein forventa meir av lokaliteten. Dei beste dagane underteikna har hatt på Haugo, er når det ligg jord oppe i dagen (etter pløying og liknande). Slike ting som her er nemnd er sjølvsagt umogeleg å vite på førehand, så eit lite besøk er nok ikkje å koma utanom for å finne ut korleis forholda er…

Årstider
Dei beste årstidene er utan tvil trekktidene vår og haust. Tidlege trekkarar kan sjåast tidleg på våren, og ute i mai månad kan ein også forventa meir sjeldsynte artar. Månaden er alltid ei sikker tid på Voss for gode artar, som sagt er det inga unnatak på Haugo. Eit oppsiktsvekkande stort antall vadefugl i forhold til beliggenheita er observert på trekket, og sporvefugl som steinskvett, buskskvett, gulsporv og finkefuglar kan ein også finna hoppande rundt på bakken i varierande antall.

Ein heil del viper hekkar faktisk på området, noko som ikkje ser sjølvsagt ut ved første augekast. Sommaren 2004 vart minst sju hekkande par notert. Lokaliteten er også ein av svært få faste lokalitetar for sanglerke på Voss, og truleg også hekkelokalitet for arten.

Skal ein på lytting etter nattsongarar sommartid kan Haugo vere verd eit besøk. Lokaliteten er blant dei der vaktel og åkerrikse er observert/høyrd fleire gonger, og sistnemnde var fast sommargjest heilt fram til nyare tid…

Haust er god tid for trostefugl og anna sporvefugl, og store mengder kråkefugl kan også samla seg på seinhausten/vinteren.

Skryteartar
Nokre artar som er verd å skryte av er jo observert, og fleire tippar eg det vert i nærare framtid. LRSK artar er vaktel, åkerrikse, turteldue og svartkråke. Andre artar som er verd å nemne er sandlo, boltit, småspove og raudstilk, som er spanande gjester på ein slik lokalitet.

  • Kart
  • Først publisert 31.10.2004 og sist oppdatert 12.01.2007


    www.fuglar.no © Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland