::hovedsiden ::observasjoner ::galleri ::nyheter ::sjeldenhetskomiteén
::lokaliteter ::mailingliste ::linker ::kontakt

Grandane i Voss kommune

Av Oddvar Heggøy

Godt og vel ein kilometer frå Voss sentrum finn du Grandane. Lokaliteten består blant anna av ei lang brei grusstrand om det er lite vatn, danna av elvene Vosso og Bordalselva. Heile fugleområdet strekkjer seg rundt to km, og fire forskjellige lokalitetsnamn brukast: Prestegardsmoen ligg nærast sentrum, eit friluftsområde med open furuskog, men også tettare område med lauvskog. Der skogen sluttar ut mot Vangsvatnet og du kjem ut på dei store grusstrendene er Grandane. Om du følgjer strandsona ut til Grandaspissen, ser du over elva til Gjernesmoen. Også dette skogområdet er prega av open furuskog, men er mindre brukt av turgåarar enn Prestegardsmoen.

På det lågaste området av Gjernesmoen ligg Voss reinseanlegg. Dette er eit fint utgangspunkt om du skal til dette området for å kikka på fugl. Rett utanfor skogen ligg også her eit stort flatt område, men på denne sida av elva er strendene meir prega av sand og mudder, og det veks mindre her enn på Grandane. I elveosen av Vosso er ei lita øy danna, og på fine dagar med mykje folk ute er dette nesten einaste området ein finn fugl på Grandane. Innanfor reinseanlegget finn du eit lite område med store jorddungar som vert dumpa frå anlegget. Her er nesten alltid ein liten vassdam, og i lange tørkeperiodar kan det vere mykje småfugl å finne her. Mest erler og troster er å finne, men også ender kan ha tilhald her om det har regna mykje og vassdammen er stor. Alle tre bekkasin-artane har vore observert så det er absolutt eit område som bør undersøkast. Om du er ved Gjernesmoen og følgjer strandsona retning vekk frå Vosso, kjem du til Bordalselva. På andre sida av elva ligg Lotatræet, dette område minnar mest om Grandane, her er meir grusbankar og små dammar slik det også er på Grandane.

Under flaum (som vanlegvis førekjem to gonger i året), er mest heile strendene under vatn, og fuglelivet endrar seg fort. Vadarane forsvinn, og meir ender kjem til. Dei kan då symje mellom småbuskar og tre og finn mykje næring i området.

Områda blir mykje brukt av turgåarar, og på Gjernesmoen-strendene er det kvar kveld folk som slepp hundane laus, så dei får springe fritt rundt. Dette er sjølvsagt ikkje til fordel for fuglane, og det er heller ikkje så kjekt å vere fuglekikkar på denne tida av døgnet (se også opp for fine dagar i helgene, då det også kan vere mykje hundefolk ute). Om du skal til Grandane og omegn er nok alltid den beste tida tidleg om morgonen, utanom dagar med mykje regn eller vind, då forholda plar vere bra med tanke på lite folk og mykje fugl.

Ornitologisk aktivitet
På områdane Prestegardsmoen og Grandane har den ornitologiske aktiviteten vore bra i lange tider. Er meir usikker på korleis aktiviteten har vore på den andre sida av Vosso, men etter kva eg har fått inntrykk av, har det vore mindre aktivitet her. Dette har for meg vist seg å vere det mest artsrike området. No er det heller få som er på lokalitet(en-/ane) jevnlig, men sjølv er eg på lokaliteten opptil fleire gonger dagleg. Observerte arter for alle fire områda samla er omlag 174 tom 2004, ca. 30 av desse oppdaga dei siste to åra.

Årstider
Vinteren er med tanke på fugl den minst interessante tida på året, men også på denne årstida kan det vere noko å sjå på Grandane. Flaggspett er ein sikker art heile vinteren gjennom. Om det er ei lita råk ved utløpet av Vosso, er det ofte kvinand å sjå, av og til også kanadagås, songsvane og laksand. Om det kjem periodar med mildvêr om vinteren kan det kome inn fiskmåke, gråmåke, og andre artar som ikkje er vanlege på Voss om vinteren. Svartand og havørn er nokre andre døme. I elva Vosso overvintrar ein heil del stokkand, og saman med dei nesten alltid ein og annan brunnakke. Fossekall er også ein sikker art i Vosso om vinteren, så sant elva ikkje er heilt tilfrose.


Første hekkefunn av dverglo i Hordaland ble gjort på Grandane i 2001. Her ser vi en av de voksne fuglene fra 24. mai. Foto © Frode Falkenberg | Flere bilder
Dei første trekkgjestene kjem vanlegvis i byrjinga av mars, det er då hovudsakelig snakk om vipe. Når ein kjem litt lenger ut i månaden kjem måkene inn. I slutten av mars og byrjinga av april går vanlegvis isen på Vangsvatnet opp, og småflokkar med grasender søkjer næring som har låge i isen gjennom vinteren. Det er då hovudsakeleg snakk om krikkand, stokkand og brunnakke, men også stjertand har vore observert. Så går trekket i eitt fram til midten av mai, då dei fleste artane har kome. Over 40 artar hekkar. Einaste hekkefunn av dverglo i Hordaland vart gjort på Grandaspissen, hornugle og stillits har også vore funne hekkande. Ein liten bestand av gulsongar hekkar i Prestegardsmoen, og på Lotatræet hekkar nokre par med viper, og nokre strandsniper og buskskvett årleg. Ult. juni til medio juli er det ofte lite sjeldne fuglar på Grandane, men av og til sveipar ein og annan vadar innom. Ikkje-hekkande raudstilk har også tilhald på Grandane denne tida. Dagar med fint og varmt vêr er det nesten uaktuelt å sjå etter fugl, området er ein populær badeplass (se også opp for "Voss Cup" og "Ekstremsportveko").Små flokkar med vadarar byrjar å dukke opp ult. juli, og nokre småflokkar med mytande ender er gså å finne om sommaren.

Hausten er som på dei fleste andre lokalitetar den mest spanande tida. Små grupper med vadarar dukkar opp, ofte litt meir uvanlege artar, men aldri i noko stort antall. Store flokkar med linerler og heipiplerker pregar fuglelivet i september, bekkasinar og ender er det mest av frå slutten av september og litt ut i oktober. Flaggspetten dukkar raskt opp tidleg på hausten og aukar i antall utover hausten og vinteren.

Sjeldsyn
Ikkje mange NSKF-artar er observert på Grandane-området, men beskriving av ein aftenfalk frå 2001 er nettopp innsendt. Av observerte LRSK-arter er toppdykkar, sædgås, stripegås, knekkand, taffeland, åkerrikse, dverglo, dobbeltbekkasin, dvergmåke, skogdue, nattramn, tretåspett, svartkråke, båndkorsnebb og konglebit. Også ein del artar som ein ikkje treff på så ofte i innlandet i Hordaland bør nemnast. Desse er blant anna storskarv, tundragås, kvitkinngås, gravand, ærfugl, havelle, lappfiskand, sjøorre, vassrikse (funne daud), sivhøne, sothøne, tundrasnipe, polarsnipe, steinvendar, lappspove, polarmåke, skjærpiplerke, sivsongar, møllar, kaie og kornkråke.

Tilgjenge
Om du skal ta deg ein tur til Prestegardsmoen/Grandane er det to mogelege parkeringsplassar. Den eine rett ved Voss Ungdomsskule/Utebassenget/Voss Camping. Denne plassen ligg heilt opp i Prestegardsmoen og det er rimeleg kort veg til Grandaspissen. Den andre parkeringa kjem du til ved å køyre gjennom sentrum, over brua, og inn første veg til høgre; Gjernesvegen. Følg vegen til du ser ei ny bru; Tintrabrua og ta første veg til høgre ned mot brua. Her er også ein liten parkering. Om du kryssar brua og tar til venstre går det ein sti langs elva. Om du følgjer denne heilt ut kjem du også til Grandaspissen. Om du skal vere på andre sida av elva køyrer du berre vidare på Gjernesvegen. Når du kjem til Gjernes barnehage, tar du til høgre først ein gong, og når du kjem ned til Gjernesmoen til høgre ein gong til. Om du følgjer denne vegen kjem du ned til reinseanlegget, der det er gode høve for parkering. På fine dagar kan det vere fullt på dei to førstnemnde parkeringane, men sjeldan ellers.

  • Kart
  • Først publisert 03.09.2003 og sist oppdatert 12.01.2007


    www.fuglar.no © Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland