::hovedsiden ::observasjoner ::galleri ::nyheter ::sjeldenhetskomiteén
::lokaliteter ::mailingliste ::linker ::kontakt

Dei rike tjørnene i Fitjar kommune

av Ole Berge Helland

Rimbareidtjørna
Rimbareidtjørna ligg nord på Stord, omlag ein kilometer sør for Fitjar sentrum. Det er ei 40 da. stor tjørn som med tida gror meir og meir att. Noko av den er så langt komen at det er komen vier og bjørk. Det er neppe meir enn fjerdedelen av arealet som no er ope vatn. Tjørna ligg i eit jordbruksområde med eng- og beitemark på tre sider og furuskog på den fjerde. Dei vanlegaste fuglane her er endene med stokkand og krikkand som hekkar med fleire par kvart år. I trekktidene og vinterstid er det fleire artar, som brunnakke, toppand, kvinand, siland, laksand og knekkand. I ei uke i 1995 opphaldt det seg ein stivhaleand hann i tjørna. Dette er førebels einaste funn av arten i Hordaland. Dvergdykker har blitt observert fleire år, og i september 1998 vart den funne hekkande. To unger så dagens lys. Sivspurv, sivsanger, vipe, storspove og rødstilk hekkar kvart år, medan vannrikse er eit fast innslag på førejulsvinteren. Sangsvanene kan vere her heile vinteren fra oktober av. Meir uvanlege arter som ikkje er årvisse men likevel må takast med er sivhøne, sothøne og grasshoppesanger.

Rimbareidtjørna. Foto © Ole Berge Helland

Vestbøstadtjørna
Vestbøstadtjørna ligg omlag 3 kilometer vest for Fitjar sentrum (om du følgar vegen). Den er omkransa av dyrka mark og beite på alle kantar. Det er oppsett ei observasjonshytte på sørsida mellom vegen og tjørna. Av ender her er det også her stokkand og krikkand som dominerer og hekkar kvart år. Brunnakke er vanleg, særleg om hausten. Toppand og kvinand er og vanlege utom hekketida. Det er og år om anna sett skjeand, knekkand, taffeland og stjertand. Sangsvanene er faste om vinteren og knoppsvane har og vore nedom. Sivhøne er årviss, medan sothøna sjeldnare. Dvergdykker var ein vanleg gjest i fleire år. Sivspurv, sivsanger og buskskvett hekkar i området. Gråhegra samlar seg stundom i ganske stort antall. Grågås, tundragås og kortnebbgås er og sett meir sporadisk.

  • Kart

    Først publisert 25.04.2003 og sist oppdatert 12.01.2007


  • www.fuglar.no © Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland